Totalt antall sidevisninger

Velkommen til min utefagsblogg våren 2011.







fredag 4. februar 2011

Arbeidskrav 3: LAUVTRE OM VINTEREN

                  UTEFAGSKLASSEN PÅ LEIT ETTER LAUVTRE


Kva for tresort er dette då Sølvi og Jorunn?



ROGN
Rogn er eit middels stort lauvtre som kan bli opp til 15 meter
Barken på rogna er brun og glatt, men på eldre tre kan den sprekke opp.
Knoppane er brunsvarte, avlange og ofte store. På langskudda er det ofte lang avstand mellom knoppane. Rogn har ofte lodne knoppar. 
Blada er taggete og smale og sit parvis saman. Rogn er ofte lett å kjenne igjen på dei flotte røde rognebæra.  
  

HENGEBJØRK

Hengebjørk er eit rasktvokande lauvtre som kan bli inn til 30-35 meter høgt. Den har ofte ein meir rettvokst stamme enn vanleg bjørk (dunbjørk). Ein kjenner ofte igjen barken på bjørk som er kvit med svarte flekkar. Ein kan skilje hengebjørk frå vanleg bjørk ved at det er harpiksvorter på dei nye skudda og at knoppane ikkje er klebrige. Blada på hengebjørka er trekanta og spisse med dobbelt sagtanna bladkant. 




OR
Ein har i Norge både svartor og gråor. Gråor der den vanlegaste og veks heile Norege. Svartor veks i indre Østlandet og langs kysten opp til Nord-Trøndelag. På Kjørnes fann vi gråor og eg vil sjå litt meir på kva som er karakteristisk for den.
Gråor er eit middelstort lauvtre som kan bli opp til 20 meter høgt og har ofte fleire stamnar. Barken er glatt og sølvgrå på farge. Gråoren er eit hardført treslag med eit forholdsvis stort lyskrav. 

Or har stilkete knoppar med mørkebrune(nesten lilla) knoppskjell. Ein kan kjenne igjen oren på orekonglene, slik som ein kan sjå på bildet ovanfor. Undersida av blada er grågrønne. Blada er ovale, spisse og glatte med tette sidenervar (nesten dobbelt så mange som hos svartor). Både svartor og gråor fell blada grønne om hausten. Det fører til at jordbunnen blir spesielt næringsrik.

SELJE/OPPSPRUKKEN BARK
Selje er eit tre som kan bli opp til 20 meter høgt. Selje har ofte ein bark som sprekk, så ein kan på den måten kjenne igjen treet på vinterstid. Knoppane har berre eit knoppskjell som dannar ei hette rundt heile knoppen. Blomsterknoppane på selja kallar vi "gåsungar" og dei blomstrar før lauvet sprett i mars/mai (hannraklar). Blada er spredtstilte, 4-10 cm lange, ovale med kort spiss (ofte noko vridd). Bladranden er svakt tannete eller at blada manglar tenner. Blada sit på ein 1-2 cm lang stilk. 

I BAKGRUNNEN PLATANLØNN, ØVERST OSP, NEDERST SELJE
PLATANLØNN: Dette treet kan bli 20-30 meter høgt og opp til 500 år gamalt. Det blei innfort på 1700 talet som prydtre. Grunneigaren på Kjørnes snakka om at han hadde fått anbefalingar om felle treet på eigendomen hans. Det er nok på grunn av at det er eit treslag som formeirar seg rask og fortrenger opprinnelege artar. Treet har tovinga frø som blir formeira med vinden. Blada er matt grønne, med hår på undersida. Bladfikane har mange tenner (spisslønn få). 


OSP: Det er eit rasktvoksande lauvtre som kan blir opp til 25 meter høgt. Treet har rak stamme, rett opp og barken er ganske lys. Knoppane er gulbrune, spisse og svært glinsande.  
Osp har runde buttande blad med ein flattrykt stilk som er lenger enn bladet. Blada "skjelv"sjølv i svak vind, derav uttrykket "skjelve som eit ospelauv".  

ASK
Ask er eit stort lauvtre som kan bli 30-40 år gamalt. Barken er gråaktig. Treet har mottsatt forgreining. Knoppane er store og mattsvarte. Blada på treet består av ei bladsamling av 9 eller fleire småblad samansett parvis på eigen stilk.

ØVERST HASSEL-NEDERST HEGG  
HASSEL: Det er eit mangestamma lite tre som kan bli opp til 6-8 meter høgt. Knoppaneeggeforma, butte, litt flattrykte, gulbrune eller grønnaktige med svært tettsittandskjell.
Hasseltre har nøtter som er til stor glede for fuglar, ekorn, mus og mennesker. Blada sit spredt på treet og dei er ei runde til hjarteforma med ein liten spiss.

HEGG: Dette er eit tre med fleire stammar og det kan bli opp til 18 meter høgt. Barken på treet er mørk med kvite prikkar. Dersom ein skrapar i barken vil ein lukte ei tydeleg bitter mandellukt. Knoppane og årsskudda på hegg er snaue og dei sit temmeleg tiltrykte til kvisten. Om våren blomstar treet med kvite aromatiske blomster og desse blir så til svarte bær seinare på sommaren. Fargen  på blada er mørkgrønne og formen er langsmala og dråpeforma.

Kjelde:
http://www.toyen.uio.no/botanisk/nbf/nettflora/Vinterflora_enkelnkl.htm
http://www.treveven.no/leksikon/
http://no.wikipedia.org 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar